Aktuelle hovudbøker:
2-6 år: Månen som ville lyse som ei sol
Unik og vakker bildebok! I denne boka er sola og månen eit umake par som må finne ut kor viktige dei eigentleg er for kvarandre. Vi får høyre om både solsystemet, solformørking og flo og fjøre, men mest av alt handlar det om å finne sine eigne kvalitetar og verdsetje at vi er ulike. Dette er ei uvanleg vakker bok, med eit uttrykk som både er høgst originalt og lett tilgjengeleg. Kvart bilde er eit detaljrikt kunstverk, ei eiga verd med mykje å utforske både for barn og vaksne.
Les meir om hovudboka her
6-12 år: Birk og Barcelonagjengen
Ny spanande fotballserie! Her får du dei tre første bøkene i den nye serien om Birk og Barcelonagjengen. Eit kjempetilbod du ikkje kan gå glipp av ! Barcelona-gjengen er ein lettlesen fotballserie som tek fotball på alvor og set spelet i sentrum. Det handlar om gutar som satsar, om sleivspark, magiske pasningar og trenarar som vil vinne for kvar pris. Perfekte bøker no når det er vår i lufta. Bøker som gjev leseglede og får det til å krible i fotballbeina på både gutar og jenter.
Les meir om hovudboka her






































